Omslag - Den store utferda : utvandring frå Skjold og Vats til Amerika 1837-1914

Den store utferda : utvandring frå Skjold og Vats til Amerika 1837-1914

av Nils Olav Østrem

Beskrivelse av boken

Forlagets omtale: Enkeltmenneska som utvandra til Amerika gjorde det i ein kulturell samanheng. Det var ikkje berre flukta frå fattigdom som gjorde at folk vandra ut. På 1830-talet var det ikkje religionsfridom i Noreg, og dei som stod utanfor statskyrkja, kunne ikkje praktisera trua si fritt. I Amerika var det annleis. Etter pionerutvandringa, som hadde sterke religiøse motiv, blei det sendt mengder av «amerikabrev» heim til gamlelandet. Mange skjolda- og vatsbuarar hadde etter kvart slektningar «over there» som dei lengta etter å få sjå igjen. Det var mange som «drog etter». Denne boka legg an eit mikrohistorisk perspektiv på utvandringa frå eit bygdesamfunn på Vestlandet til Amerika i perioden 1837 til 1914. Vi følgjer enkeltpersonar og familiar frå oppbrotet i Skjold og Vats i Noreg til ein ny kvardag i ei på mange måtar heilt ny verd. Boka er rikt kjeldebelagd og byggjer på ny forsking om utvandringsmotiv. Ho gir eit verdifullt tilskot til både lokal- og mentalitetshistorieforskinga.

Detaljer

Forfatter mm Nils Olav Østrem
Forlag Scandinavian Academic Press
Format Pocket
Utgivelsesår 2015
Kategori Historie og samfunn
Språk Nynorsk
ISBN/EAN 9788230401217
Antall sider 429 sider
Vekt 564 gram