Omslag - Norsk utvandringshistorie

Norsk utvandringshistorie

av Nils Olav Østrem

Beskrivelse av boken

Forlagets omtale: Opp gjennom historia har det vore fleire utvandringsbølgjer frå Noreg, m.a. til Nederland og Amerika. I denne boka tar forfattaren for seg den norske utvandringa frå 1600-talet og framover, med særleg vekt på den store utvandringa til Amerika. Medan forskarar tidlegare la vekt på økonomiske årsaker til utvandring, legg ein i dag sterkare vekt på kulturelle årsaker til migrasjon. I boka viser forfattaren at kontakt med gamlelandet gjennom brev, slektsnettverk og kjedemigrasjon var med å skape ein sjølvforsterkande kultur for utvandring. Og i denne utvandrarkulturen blei det å emigrere oppfatta som både akseptert og ønskjeleg for å oppnå betre kår. Den nye reviderte utgåva er oppdatert med ny migrasjonshistorisk forsking og med ny litteratur på feltet.

Detaljer

Forfatter mm Nils Olav Østrem
Forlag Samlaget
Format Hefte
Utgivelsesår 2014
Kategori Historie og samfunn
Språk Nynorsk
ISBN/EAN 9788252184952
Antall sider 146 sider
Vekt 206 gram